Om Årdal

Årdal er ei bygd i forkant av ei industriell teknologisk utvikling, både nasjonalt og internasjonalt.

Tradisjonar byggjer vidare på store og slagkraftige teknologiske miljø i nye spennande fagfelt innan primæraluminium, solcelleproduksjon og vasskraft. Teknologimiljøet i Årdal har fokus på overføring av kunnskap frå forsking til praktisk bruk og produkt. I denne smeltedigelen vrimlar det med spennande jobbar med heile verda som arbeidsplass.

Når du ikkje er på arbeid, kan du i Årdal kombinere bykultur med aktivt friluftsliv og rekreasjon i fantastisk natur. Bygda er sentralt plassert, midt mellom Noregs største byar, og har både verdsarvområde, nasjonalpark og landskapsvernområde i eller kring kommunen. Regionen har både sjukehus, flyplass og høgskule.

Ønskjer du å flytte til Årdal?


Greater Årdal presentasjon: