Kommunikasjon

E16 som er heilårssamabandet aust/vest går gjennom nabokommunen Lærdal. Mellom Årdal og Lærdal er det moderne veg og 25 min. køyretid. I tillegg kan ein nytte Rv 53 Årdal Tyin som raskaste veg til Oslo.

Det er kort avstand til flyplassen i Sogndal, og om sommaren er det kort veg til Gudbrandsdalen og Trondheim. Årdal har isfri hamn.

Det er gode offentlege kommunikasjonstilbod til Oslo og Bergen med fleire buss og flyavgangar kvar dag.

Årdal ligg midt i hjarta av sør-norge og har korte reiseavstandar:
Årdal - Oslo ca. 300 km
3 bussavgangar dagleg

Årdal - Trondheim via RV 55 390 km sommarstid
Daglege bussavgangar

Årdal - Bergen på E 16, 237 km
Dagleg 7 bussavgangar

Årdal - Sogndal Lufthamn ca 45 km
Direkte ruter til Flesland og Gardermoen

Fjord 1
Ruteinfo
Sogndal Lufthavn